Tarjei Skarlund frå Ålesund og Jørre Kjemperud har slått eit lag frå Brasil med 2-0 under verdsserieturneringa i sandvolleyball i Shanghai.
Brasilianarane er rangerte som nummer to i turneringa, og er regjerande verdsmeistrar. Skarlund og Kjemperud er dermed sikra minst ein niandeplass.
|
Skarlund (t.v.) og Kjemperud. Foto: Alf Ove Hansen/SCANPIX |
Iver Horrem frå Aukra og Bård Inge Pettersen frå Molde har eitt tap og ein siger, og blir nummer sytten dersom dei taper sin neste kamp.