skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Hødd-trenar skuldar AaFK for avtalebrot

Hødd-trenar Stig Monsen reagerer sterkt på at AaFK har avtalt å spele mot Tromsø berre to dagar før Hødd og AaFK skal møtast til generalprøve før seriestart.

Publisert 13.03.2006 15:06. Oppdatert 13.03.2006 15:15.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Oppgjeret mellom Hødd og AaFK søndag 2.april er avtalt for lenge sidan, men etterpå har AaFK booka inn ein kamp mot Tromsø 31.mars. Det er i strid med det Hødd og AaFK var samde om, seier Monsen.


Dei beste

I generalprøva blir det venta at begge laga stiller med dei beste spelarane sine. Det er det eit ope spørsmål om Aalesund kjem til å gjere mot Hødd når laget skal møte tippeligalaget Tromsø berre to dagar før. AaFK-trenar Per Joar Hansen vil ikkje kommentere kritikken frå Hødd. Han vil heller ikkje seie kvifor AaFk har valt å spele mot Tromsø to dagar før kampen mot Hødd.

Henrik Hoff (Foto: Gorm Kallestad/Scanpix
Dagleg leiar i AaFK, Henrik Hoff, seier at det er blitt litt mange kampar mot Hødd, og at trenarane ønskte også andre motstandarar. Derfor har AaFK avtalt å spele heimekamp mot Tromsø 31. mars, og dei skal greie å stille gode lag på begge kampane, seier Hoff.



Hødd skeptisk

Stig Monsen i Hødd har inga tru på at AaFK stiller med sitt beste mannskap i begge kampane, og det er det Hødd som får svi for, meiner han.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE
Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD
Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no