Allereie i dag startar Aalesunds Fotballklubb evalueringa av årets sesong.
|
Ivar Morten Normark si framtid i AaFK blir tema i dag. (Foto: Chris Kyllingmark / SCANPIX) |
Både styret, administrasjonen og trenarane, inkludert Ivar Morten Normark blir vurdert, seier styreleiar Arne Aambakk.
Om neste sesong blir med eller uten trenar Ivar Morten Normark vil ikkje styreleiaren i klubben svare på før styret har drøfta saka seinare i dag.
Årets sesong enda slik han gjorde i 2003, rett ned igjen i 1. divisjon. Dette er andre gongen Nordmark har ført laget opp i Tippeligaen og ned igjen.