Måndag klokka 12 startar salet av bilettar til Aafk sin heimekamp mot Odd neste laurdag. Allereie ein time før var det lange køar av folk som ville sikre seg billett.
I følgje Aafk har seks personar overnatta utanfor bilettluka for å sikre seg bilett til opningskampen.
Totalt skal omlag 1000 bilettar seljast over internett og ved stadion. Dei andre billettane er allreie selt som sesongkort eller gitt bort til sponsorar.
Langt fleire står i kø enn det det er billettar til, så mange må nok gå skuffa heim frå køen utan å ha fått billett.
Nettbestillinga braut saman
Våre gjentekne forsøk på å kome inn på billettbestillinga på AaFK sine nettsider etter klokka 12 har ikkje ført fram. Mykje tyder på at klubben sin nettstad ikkje har tålt pågangen. NRK sin reporter Pål Bakke melder frå AaFK sine lokale at klubben sin nett-tenar har brote saman.
Berre 12 fekk bestilt billett før systemet knakk ihop. Det blei klokka 1230 framleis arbeidd for å få systemet opp og gå igjen.
|
Desse tre fekk kome inn og varme seg etter ei heller kald natt utanfor døra (Foto: Kjell Jøran Hansen) |