|
Thomas Gjørtz kan bli ny Hødd-spelar. |
Hødd vann 6-0 over Hareid i ein treningskamp i går kveld.
Trenar Stig Monsen hadde fleire spelarar han ville teste ut.
Av Rune Hustad og
Håvard Ketil Sporsheim
Dei mest aktuelle som nye Høddspelarar er Thomas Gjørtz frå Aalesunds Fotballklubb, Anders Vågen frå Bergsøy og Erik Sandal frå Skavøypoll.
I går skåra Vågen tre mål og Sandal to.
Monsen håpar å kunne skrive kontrakt med dei tre i nær framtid.
Etter sesongen i fjor blei det klart at mange faste, rutinerte Høddspelarar takk for seg i Ulsteinklubben.
Forsterkingar er difor svært nødvendig foran årets sesong, og Hødd har allereie skaffa seg ein del namn.
Men stadig nye spelarar blir testa ut, og Hødd-trenar Stig Monsen er svært interessert i å leige Thomas Gjørtz frå Aalesunds Fotballklubb neste sesong.
Monsen er også veldig interessert i Bergsøyspelaren Anders Vågen. Mot Hareid i går skåra Vågen 3 av seks mål.
Erik Sandal frå tredjedivisjonslaget Skavøypoll i Sogn og Fjordane fekk to nettkjenningar, også han ein mann som Monsen vil ha i stallen.
Alle tre spelarane har signalisert at dei ønskjer å spele for Hødd neste år. Men om dette blir ein realitet er ikkje sikkert per i dag. Monsen håper han snart får svar på akkurat dette spørsmålet.