skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Amund Skiri til Vålerenga

Kjærleiken, Klanen og Royal League var blant faktorane som fekk kaptein i Aafk, Amund Skiri, til å velge Vålerenga.

Publisert 02.11.2004 11:07.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Amund Skiri.
Det har lenge vore spekulert i om kva klubb som skulle vere arbeidsgjevar for Amund Skiri komande sesong. No har han bestemt seg. Stadfestinga kom i eit intervju i formiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal.

Reiser i morgon

- Ja, eg har bestemt meg for Vålerenga. No skal eg til den obligatoriske legesjekken, og så er det berre underskrifta som står igjen. Vålerenga er ein av dei største klubbane i Noreg, dei skal spele Royal League, kvalifisering til Champions League og dei har eit stort publikum.

Kjærleik

Amund Skiri legg også vekt på at kjærleiken fører han til Oslo. - Kjærasten har allereie flytta til Oslo, og no følgjer eg etter, seier han til NRK Møre og Romsdal.

- Korleis blir det å kome i blå drakt til Color Line stadion neste år ?

Takknemleg

- Det har eg ikkje tenkt så mykje på enno, men det blir heilt sikkert veldig spesielt. Og det er mykje betre å gi seg no når Aafk er på veg oppover. Det hadde vore mykje verre å takke for seg om klubben var på veg ned. Eg er kjempetakknemleg for at eg har fått vore her i 8 år.

Ketil Rekdal

No skal eg nedover i morgon, og er klar for klubben frå nyttår. Eg kan tenke meg for å begynne på treningane til Vålerenga veldig fort, men det blir vi nok samde om i morgon.

- Eg likar den trenartypen Ketil Rekdal er, han skapar ei vinnargruppe, han er ein vinnartype sjølv, det er slik han skapar ein vinnarkultur.

- Satsar du på landslaget også no då ?

- He-he, nei det får vi ta med tida, seier Skiri til slutt.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no