skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Amund Skiri til Vålerenga ?

Kaptein på Aafk, Amund Skiri, har fått tilbod om toårs-kontrakt med Vålerenga.

Publisert 01.11.2004 10:35.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Amund Skiri.
Kaptein Amund Skiri har vore ein svært viktig spelar for den enorme framgangen Aalesunds fotballklubb har hatt dei siste åra. Skiri kom til Aalesund frå Åndalsnes I.F. i 1997. No kan dagane som Aalesunds-spelar vere talte.

Bestemmer seg snart

- Denne avgjerda tek eg ganske snart, seier Skiri til NRK Møre og Romsdal. I løpet av nokre dagar, mest sannsynleg denne veka så er dette avgjordt, seier han.

Aafk og Vålerenga

Amund Skiri vil ikkje vere særleg konkret om kva planar han har for neste sesong. Men han legg ikkje skjul på at både Aafk og Vålerenga er svært aktuelle klubbar for han.

- Eg har gjordt mine tankar om kva som skal skje, men dei kjem eg ikkje med no. Men i løpet av nokre dagar skal eg ha bestemt meg, seier han.

Knappe svar

Amund Skiri er forholdsvis knapp i svara når han får spørsmål om kontraktstilboda:
- Men er det Vålerenga og Aalesund det står om?
- Det er to aktuelle klubbar,ja.
- Har du fleire?
- Nei, det vil eg ikkje kommentere, seier Skiri.

God sesong

Amund Skiri seier han er svært nøgd med sesongen Aalesund har gjennomført. - Vi fekk 64 poeng, det same som vi fekk då vi rykka opp forrige gang, det er ein god poengsum. Vi har tapt 8 kampar, det er ikkje så bra. Målet var å rykke opp, det klarte vi, og då MÅ vi vere fornøgde, seier Skiri.




Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no