Sjølv om Hødd vann 5-3 i cupcampen mot Byåsen onsdag, har det kun blitt ein trepoengskamp etter åtte seriekampar, og Hødd ligg under nedrykkstreken med fattige fem poeng.
Optimist
Høddlaget har hatt mange skada spelarar, og kaptein Andre Nevstad seier det har vore ein vanskeleg start på sesongen. Han har likevel tru på at trenden no vil snu, og at laget slår Strømsgodset måndag. Og siger er nødvendig dersom Hødd skal avansere på tabellen.
Moldskred i mål
Målvakt Lars Ivar Moldskred reknar med å vere tilbake i mål etter at han debuterte som spiss i andre omgang i cupkampen mot Byåsen. 25-åringen trivst best mellom stengene, og ser fram til at dei skada lagkameratane kjem tilbake.