Aalesund må ta poeng i siste serierunde for å ha ein sjanse til å overleve i tippeligaen. Målforskjellen kan bli avgjerande, men AaFK fokuserer ikkje på storsiger, seier kaptein Amund Skiri.
Laget har ikkje tapt heime sidan Rosenborg var på Kråmyra 16.august.
Motstandar Bryne har ikkje vunne på bortebane i heile sesongen, mens slo Ålesund 2-0 heime i sommar.
For AaFK kan målforskjellen blir avgjerande for om dei står i tippeligaen.
Dersom både Tromsø og Molde taper, kan AaFK passere begge.
Men då blir målskilnaden avgjerande for om MFK eller AaFK må spele kvalifisering.
AaFK-kaptein Amund Skiri seier likevel at dei ikkje fokuserer på storsiger.