skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Kenneth Giske legg opp

27 år gamle Kenneth Giske frå Valderøya i Giske kommune legg opp som fotballspelar. Han har vore meir eller mindre fast inventar på Bryne i Tippeligaen i år.

Publisert 23.10.2003 11:51.
Giske spelte aldersbestemt landslagsfotball som tenåring og blomstra då han gjekk frå Valder til Hødd som 16-åring. Han var med på Hødd-laget som spelte i Tippeligaen i 1995. Etter dette hamna han i Lillestrøm, der han hadde store vanskar med skadar. Han fekk ikkje mykje speletid på Åråsen.

Etter ein periode i lågare divisjonar gjorde han come-back i norsk toppfotball på Jæren med Bryne. Han har spelt både back og midtbane, og fekk tilbod med Bryne om å halde fram. Han har takka nei til dette, og seier til Stavanger Aftenblad at han skal prioritere studiar i historie og pedagogikk frå januar.

- Det er tidleg å legge opp, men slik blir det. Avgjerda er teken uavhengig av om Bryne bergar plassen eller ikkje, seier Giske.


 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no