Nærare 30 foreldre var til stades då Clausenengen Håndball orienterte om situasjonen etter at ein av leiarane i klubben blei tatt med hasj under ei ungdomsturnering i Ålesund i helga.
Også spelarane på jentelaget og idrettsleiaren sjølv var til stades på møtet.
- Viktig å rydde opp
Formann i handballgruppa, Tore Larssen, er glad for at dei fekk i stand møtet så raskt. Han er spesielt glad for at idrettsleiaren møtte fram og bad om orsaking ansikt til ansikt med foreldre og utøvarar. - Det var viktig å rydde opp i situasjonen, seier Larssen.