skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Ventar knallhard fysisk kamp

Aalesunds Fotballklubb møter Sogndal heime på Kråmyra søndag til kamp i tippeligaen. Laga spelte 1-1 i Sogndal i vår, og AaFK-trenar Ivar Morten Normark ventar ein knallhard fysisk kamp på søndag.

Publisert 12.09.2003 13:39.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Og at det skulle ligge an til ein tøff kamp på søndag fortel også kortstatistikken alt om. Christian Steen og Paulo dos Santos må stå over på grunn av raude kort, og i tilleg er sju andre spelarar i faresona. Får dei eit gult kort til, må dei stå over neste kamp.

Ikkje bekymra for innsatsen

Men trenar Ivar Morten Normark er ikkje redd for at dette kjem til å påverke innsatsen til spelarane.

- Vi og Sogndal er verst i klassen når det gjeld antalet både gule og raude kort. Men stallen vår er så brei og god at eg trur innsatsen vil vere på topp.

Må vinne fire kampar

Aalesunds Fotballklubb slit i botnen av tabellen, og mange meiner at laget må vinne dei fire resterande heimekampane mot Sogndal, Molde, Lillestrøm og Bryne for å klare å halde seg i tippeligaen.

- Vi må vinne fire kampar, men dette treng ikkje å vere heimekampar, seier Normark.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no