skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 
AaFK-Lyn:

Spesiell kamp for Sture

Kråmyra
Kråmyra
Tidlegare Kråmyra-helt, Sture Fladmark, veit at oppgjeret mot gamleklubben søndag blir kjempeviktig i kampen for å berge plassen i Tippeligaen.

Av Arne Flatin. Publisert 22.08.2003 10:34. Oppdatert 22.08.2003 11:12.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Lyn sin assistenttrenar var i mange år ein av AaFK sine beste spelarar. Han spelte sist for klubben under Egil Drillo Olsen i 1989-sesongen.

Vinn eller forsvinn

No vender han tilbake til Kråmyra, og veit at det blir ei vanskeleg oppgåve sjølv om tango-trøyene enno ikkje har vunne der i år. Fladmark seier at for AaFK er truleg denne kampen vinn eller forsvinn for å berge plassen. Dersom Lyn skulle tape er Oslo-laget for alvor med begge beina i nedrykningsstriden. No ligg Lyn på den utsette kvalifiseringsplassen med 16 poeng. Det er tre poeng meir enn Tromsø, og fire framfor AaFK. Dei oransje kan difor kutte ned forspranget drastisk ved å ta sin første siger på Myrå søndag klokka atten.

Spesielle kjensler

Fladmark seier at det blir med spesielle kjensler han kjem tilbake til Kråmyra. Han hadde ikkje trudd før sesongen at kampen kom til å bli så viktig som dette. AaFK og Lyn er dei to einaste klubbane ålesundaren har vore innom i sin karriere som spelar og trenar, og han veit akkurat kor vanskeleg kampen kjem til å bli. AaFK slo Lyn 2-0 i 1.divisjon i 1998-sesongen. Dette er første gong laga spelar mot kvarandre i Ålesund i Tippeligaen. I vårkampen på Ullevål vann Lyn 2-1 etter at AaFK hadde tatt leiinga.




AALESUND - LYN
* Møtes for 8. gang i Ålesund. Status: 2-2-3
* Siste oppgjør på Kråmyra endte 2-0 i 1998
* 2-1 til Lyn i vårkampen på Ullevaal da AaFK ledet 1-0
* AaFK uten mål og poeng på de tre siste kampene
* AaFK fortsatt eneste lag uten hjemmeseier
* Ikke siden Haugar i 1981 har en klubb gått gjennom toppserien uten hjemmeseier
* AaFK med fire tap på de fem siste seriekampene
* Lyn står med fem strake tap og 2-12 i mål
* Lyn har tatt ett poeng på de sju siste kampene
* Lyns siste seier: 1-0 mot Tromsø borte 15. juni
* Spesiell kamp for sunnmøringen på Lyn-benken, Sture Fladmark
Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no