Både AaFK-trenar Ivar Morten Normark og trenarane i Hødd og Fredrikstad deltar på.
Dagleg leiar i Sunnmøre Fotballkrets Bjørn Oskar Haukeberg håper deira erfaring vil skape glød og interesse.
|
Harald Aasland Riise |
- Når AaFk kom opp i tippeligaen i fjor, sa vi at dette kan få ringverknader for fotballen på heile Sunnmøre. Og det er dette vi prøver på no, seier Haukeberg.
God påmelding
50 deltek i dag og 55 har meldt seg på til i morgon. Dette er initiativtakarane svært nøgde med. Haukeberg viser til at dei var seint ute med detaljar rundt opplegget, og mange har teke ei avgjerd på kort tid. - Det er også full runde i 3. divisjon i dag, så det er fleire klubbar som ikkje har hatt høve til å delta.