Morten Moldskred blei dagens mann då Aalesund vann 4-2 over Stabæk i cup-kampen i går. Moldskred skåra 3 av dei 4 måla til Aalesund. Dermed er Aalesund i kvartfinalen og skal møte tippeligakollega Bodø-Glimt 27.august.
|
Morten Moldskred Foto: Scanpix |
Morten Moldskred innrømmer at han gler seg til å lese kva som står i avisene i dag, og trur ikkje det kan vere mykje negativt.
Ivar Morten Normark er imponert over prestasjonen på Nadderud i går.
- No har eg lyst å bli cup-meister, veldig enkelt og greit, seier Normark.