Paulo dos Santos kan i helga vere klar for sin første kamp denne sesongen. Aalesunds Fotballklubb møter Bodø/Glimt på Kråmyra søndag.
Paulo dos Santos som var sentral på AaFK-laget i fjor, har vore ute med kneskade i to månader.
I kveld skal dos Santos teste om foten held i 3.divisjonskampen mellom AaFK 2 og Ørsta.
Det avgjer om dos Santos blir med i troppen til helga, seier trener Ivar Morten Normark.
Men mangel på kamptrening gjer at dos Santos neppe spelar frå start.