Ein historisk tradisjon blir brutt i Modalen denne hausten. For første gang blir det stilt lister til kommunevalet.
Av
Asle Hella
|
Fjordabåten M/S "Bruvik" i Mostraumen. |
Tidligare har folk i Modalen ikkje sett det som naudsynt å ha politiske parti eller bygdelister. Innbyggarane har derfor fritt skrevet namnet på dei dei vil ha inn i kommunestyret. Men til årets kommuneval blir det stilt tre lister, fordi enkelte meiner det gamle systemet ikkje er representativt.
Tre bygdelister
Solrenningslista
Vandringslista
Samlingslista for Modalen
Liten og rik
Modalen er på 385 kvadratmeter og her bur det omkring 400 personar. Kommunen ligg 80 km nord/aust for Bergen. Eigen kommune sidan 1910. Dette er kommunen der kraftpengar har gitt borna har kver sin PC på skulen, der alle får barnehageplass, utdanningsstipend og sjukhjemsplass.
Ordførar Leif E. Nåmdal tek ikkje gjenval.