| | Kvernsteinsparken opna Publisert 11.06.2002 10:06 - Oppdatert 11.06.2002 12:33 Kongeparet kom klokka 10 i dag i land på småbåthamna i Hyllestad. Hamna var fullsett av folk som venta på Kongen og Dronninga. Der føretok dei opninga av den historiske Kvernsteinparken.
| Born frå Øen skule venta på Kongen |
Ved Kvernsteinparken vart dei mottekne av skuleelevane Daniel Hatlebrekke og Andrea Solås som overrekte blomar. Ordførar Harry Mowatt følgde paret til sitjeplassen før han ønskte dei velkomen frå talarstolen.
| Dronning Sonja vart eskortert av Torbjørn Løland gjennom Kvernsteinparken. |
Fem minutt på halv elleve heldt Dronning Sonja opningstalen for Kvernsteinsparken som er tusenårsstaden til Hyllestad.
Kvernsteinsindustrien i Hyllestad er ei av dei eldste industriverksemdene på Vestlandet. Steinbrota har truleg eksistert frå forhistorisk tid, og rundt Åfjorden er det registrert i alt 25 store steinbrot.
Produksjonen i Hyllestad var størst fram til 1537, og titusenvis av kvernsteinar vart eksporterte til Tyskland, Island og dei baltiske landa.
| |
|