|
Berga ved Åfjorden ber preg av at det er hogd ut kvernsteinar. (Alle foto: Asle Veien, NRK) |
I fjellgrunnen kring Åfjorden finst det granatglimmerskifer, med isprengde granatar og
staurolittar. Dei isprengde steinkorna er spesielt harde og slitesterke.
Desse bergartene finst det rikeleg av kring Rønset og Berge ved Åfjorden, og ved gaden Myklebust. Den spesielle steinen la grunnlaget for ei av dei eldste industriverksemdene på Vestlandet: Kvernsteinsindustrien i Hyllestad.
Liknande kvernsteinbrot fanst i Selbu, Sømna, Salvær, Sørreisa, Rana og Vågå. Den største produksjonen var i Selbu i Sør-Trøndelag.
Steinkrossen i Eivindvik
Steinbrota har truleg eksistert frå forhistorisk tid. Ein av dei store keltisk/angliske steinkrossane I Eivindvik (sjå
Gulen kommune) frå ca. 900-1000 e. Kr. er hogge i glimmerskiferfelta i Hyllestad. Den andre steinkrossen i Eivindvik har også tydelege merke av å ha vore hoggen i eit kvernsteinbrot.
Gamal eksportnæring
|
Ei skipslast kvernsteinar frå Hyllestad under vatn i Alverstraumen i Lindås. |
Produksjonen i Hyllestad har vore størst til og med mellomalderen, som vert rekna fram til 1537. I berga kring Rønset er det hogge titusenvis av kvernsteinar som vart eksporterte heilt til Island, Tyskland og dei baltiske landa. Det vart også framstilt spesielle ljoresteinar av bergarten.
25 store steinbrot
Kvernsteinhogginga i Hyllestad var konsentrert til glimmeskiferberga i stranda på nordsida av Sørefjorden. Dette er ein våg eller liten sidearm til Åfjorden. Her ligg dei største kvernsteinbrota under gardane Rønset og Berge. Her kan ein framleis sjå store bergfelt der tusenvis av steinar er hogne ut. Nokre halvferdige emne for både handkverner og vassdrivne kverner heng framleis fast i berget, og store slagghaugar og vraka emne vitnar om stor aktivitet.
Kring Åfjorden er det registrert 25 store steinbrot innanfor eit område som strekkjer seg 20 kilometer. Det samanhengande feltet Gjære - Haugane er på 300 dekar.
Levande steintradisjon
Torbjørn Løland har ført vidare dei gamle kvernsteinstradisjonane med verksemda Åfjordstein AS ved å hogge handkverner, smykke og suvenirar av glimmerskifer.
Kvernsteinpark
I 1995 starta kommunen "kvernsteinsprosjektet" som m.a. tek sikte på å sikre kvernsteinsbrota og byggje ein "kvernsteinpark". Parken skal fortelje om den særeigne og eldgamle industrien, og han vert opna i juni 2002 av Kong Harald.
I 2000 gav historikar og forfattar Johs. B. Thue ut boka "Livets Steinar" (Skald Forlag) om kvernsteinindustrien i Hyllestad.