OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn | Oppdatert 28.06.2005 14:08 |
| Dr. Holms - hotellet med Norgeshistorie Publisert 11.01.2001 13:33 - Oppdatert 11.03.2002 13:20
Då Ulf Kløve, tidlegare turistsjef på Geilo, skulle gå gjennom historiane kring eit av våre mest eksklusive høgfjellshotell, dr. Holms på Geilo, slo han fast at få hotell i Norge har skrive seg inn i vårt lands historie som dette. I boka han nyleg ga ut - " Hotellet med de ni liv", fortel han om skiftande epokar frå starten i l909 til i dag, og meiner det har vore orkans styrke over vindkasta hotellet har overlevd. Oppdaga Farris-kjeldaDet starta som eit sanatorium for overklassen. Dr. Ingebrigt Chr. Lund Holm (1844-1918) hadde studert lungesjukdomar i Tyskland og Schweitz. Han var alt kjent for sin innsats for folkehelsa. Som ung lege hadde han oppdaga Farris-kjelda ved Larvik med sitt mineralrike vatn. Her grunnla han Larvik bad. Snart var han i gang med oppbygginga av Christiania bad i Torvgata, og vart ein ivrig talsmann for badstovene. I 1890 flytta han til Holmenkollen. Her var han med på å byggja ut det som vart Holmenkollanlegget. Den vakre naturen måtte koma byens folk tilgode, meinte han. Her kom badeanstalt og sanatorium.Røyke-forbod i l909Så - i 1909, same dagen kong Haakon opna Bergensbanen på Geilo, opna dr. Holm dørene til Dr. Holms Sanatorium same plassen. Han hadde oppdaga "champagnelufta" under Hallingskarvet. Sanatoriet var for overklassens lungesjuke. Det var stil - med smoking til middag og klaverspel med song om kvelden. Men helsa var viktigast: Den som ville røykja, måtte gå utandørs. For mykje kaffe var ikkje bra - og vask, frisk luft og lys var viktig. For sin innsats vart dr. Holm ein av landets høgast dekorerte legar med ordenar også frå Svrike og Danmark. SvovelpreikaI 1911 vart sanatoriet til "Dr. Holms sanatorium og høifjeldshotel." Norsk hotellkompani overtok. Sidan gjekk det frå den eine til den andre - under skiftande vilkår, med skiftande gjester. Her kom adelskap, kongar og keisarar. På eit rom her vart den kjende svovelpreika til. På eit anna rom fann ei kvinne på bryllupsreise mannen sin i seng med ei hotellkvinne. Krigen invaderte Geilo - og Lebensborn hotellet, der 199 born såg dagens lys. Etter krigen vart hotellet heimefronten sitt hovedkvarter.I dag er hotellet for vanlege gjester - eit av dei mange som har vore med på å utvikla Geilo til kanskje nordens leiande turistsenter. Av Åshild Ulstrup På livet laus, NRK P2, 14.mars 2002 |
13.06.2002 13:16 "Skikk og bruk" 11.06.2002 12:11 Makt og flerkultur 05.06.2002 13:15 Kjønnsroller 28.05.2002 11:29 Her eller der 02.04.2002 13:11 På barrikadene mot omskjæring av kvinner 13.03.2002 14:33 Fra Cuba til Mekka 12.12.2001 10:16 Hans Christian + Konstantinos = sant! 26.11.2001 15:04 Vinlandet Norge? 08.11.2001 13:37 Allen Ginsberg og Jack Kerouac 10.10.2001 10:21 En internasjonal straffedomstol |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 22.12.2008 04:24 |