- Eg trur Irak blir eit bra land å leve i i framtida, seier Lars-Erik Duryee (30). Snekkaren frå Kristiansund gjer teneste i dei amerikanske styrkane i Bagdad.
Av
Lars Sigurd Sunnanå og
Kjetil Malkenes Hovland
- Då eg verva meg, rekna eg ikkje med å hamne i krig. Eg rekna med å delta i fredsstyrkar i Kosovo og Bosnia, ikkje i Irak. Det var heilt uventa, seier Lars-Erik Duryee.
For to år sidan verva 30-åringen frå Kristiansund seg i den amerikanske hæren. No står han vakt saman med dei amerikanske styrkane utanfor Palestine Hotell i Bagdad. Det merkast at han er nordmann mellom amerikanarar.

- Tenkjer annleis enn amerikanarane
- Eg har vakse opp i Noreg og har norske tankar. Eg snakkar jo mykje med amerikanske soldatar, og dei har heilt andre syn på sakene enn eg, seier Duryee.
- Dei seier at "Du er ikkje norsk lenger no, du må oppføre deg som ein amerikanar!" Eg klarer ikkje det heilt. Men viss eg er grei mot dei, så er dei grei tilbake. Eg ser sånn på det at du kan ikkje vere eit rasshøl mot folk.
Enkelte av kollegane hans er sinte på irakarane, og det tykkjer han er vanskeleg å forstå.
- Det må vere fordi amerikanarar er blitt drepne og såra i kamp. Men det er ikkje lett å setje seg inn i tankegangen deira, seier Duryee.
- Bagdad blir bra by
Frå vaktposten utanfor hotellet har han fått eig godt inntrykk av Bagdad.
- Eg trur Irak blir ein veldig bra plass å bu når ei ny regjering kjem på plass, straumen kjem attende og det som er øydelagt blir bygd opp att. Eg likar Bagdad, seier Lars-Erik Duryee.
Men han lengtar også til heimstaden og til familien, som han ikkje har fått snakka med sidan krigen braut ut. Først i juli eller august får han dra heim.
Får ikkje ringt heim
- Folk kjem gjennom til USA, men det er heilt umogeleg å komme gjennom til Noreg på telefon, seier Duryee.
Han sender ei helsing heim via NRK i staden.
- Eg vil helse til Inger Kalaas, som jobbar i Telenor. Eg er glad i deg og kjem heim att så fort eg kan, seier Duryee.
- Eg helsar også til bror min, som jobbar i Oslo, og til lillesøstra mi som går på skule.