skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Saddam Hussein er i live

Saddam Hussein lever i skjul i Irak saman med dei næraste medarbeidarane sine, og utgjer framleis ein fare, seier ein tidlegare irakiske general.

Publisert 19.05.2003 18:47. Oppdatert 19.05.2003 19:49.
Av Bent J. Tandstad

Ledere for USAs sivile administrasjon i Irak, Paul Bremer (t.v.), her sammen med general David Petraeus, har en formidabel oppgave foran seg for å gjenopprette ro og roden. (Foto: Roberto Schmidt, Reuters)


General Tawfiq Al Yassiri har vore i eksil i utlandet, og har no har kome tilbake til heimlandet for å delta i gjenoppbygginga av landet. I eit intervju med nyheitsbyrået Reuters seier han at Saddam Hussein framleis greier å kommunisere med sine tilhengjarar rundt om i Irak.

"Auda"

Generalen fortel at Saddam har endra namnet på Baath-partiet til "Auda", som betyr å kome tilbake. Al Yassiri trur Saddam Hussein hadde lagt planar for korleis han skulle operere dersom heile regimet hans fall saman. Han reknar med at dei tø sønene Qusay og Uday er saman med faren på skjulestaden, og at gruppa har som mål at Saddam skal kome tilbake til makta.

Al Yassiri flykta til utlandet i 1991, etter at han deltok i eit mislukka kuppforsøk på mot Saddam Hussein. Han trur at det første målet for Saddam-lojalistane i Irak er å spreie kaos i landet.

Kollaps

- Saddam Hussein førebudde seg på alle eventualitetar, også at heile regimet hans kunne kollapse. Det er tydeleg at han evnar å gi ordrar til sine tilhengjarar rundt omkring i Irak, seier den tidlegare generalen.

Tawfiq Al Yassiri seier at flesteparten av dei gamle leiarane i Baath-partiet no er borte, men at ein del yngre, mange av dei søner av tidlegare Baath-leiarar, no støttar Saddam Hussein.

Al Yassiri får støtte frå ein annan tidlegare general, Saad Obeidi, som er ekspert på psykologisk krigføring, og som no samarbeider med dei amerikanske styrkane i Irak. Han trur måten den amerikanske administrasjonen greier å styre å Irak på, vil avgjere om Saddam vil lukkast eller ikkje i ambisjonen om å kome tilbake til makta.
Uday Hussein oppheld seg på ukjend stad i Irak saman med faren Saddam og broren Qusay, trur irakisk general. (Reuters-foto)


Tolmod

- Tolmod har alltid vore ryggraden i strategien til Saddam Hussein. Han er ein mann som kjenner psykologien og sosiologien til det irakiske folket. Plyndringa og uroa som no pregar Irak talar til Saddams fordel, seier Obeidi.

Han seier det no er viktig at USA handlar raskt. Baath-partiet har ikkje sjanse til å kome tilbake til makta dersom ro og orden blir gjenoppretta, og at det blir økonomisk framgang.

Fleire irakiske politikarar har den siste tida sagt at dei har truverdig informajson om at Saddam og sønene hans er i live og at dei oppheld seg på ukjend stad i Irak.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no