Styret i norsk Hydro må tåle kraftig kritikk frå alle hald etter at generaldirektør Eivind Reiten fekk eit lønnshopp på 1,2 mill i fjor. Av dette er over 600 000 kroner bonus. Neste år kan bonusen bli på to millionar kroner dersom Hydro går godt.
Av:
aagot.opheim@nrk.no
Næringsminister Ansgar Gabrielsen (H) meiner styret i Norsk Hydro har brote avtalen partane i arbeidslivet har inngått for å sikra eit moderat lønnsoppgjer.
- Ingen skal vera i tvil om at det styret i Hydro har gjort, ikkje stemmer overeins med dei signala regjeringa har gitt om leiarlønningane, seier Gabrielsen. Han meiner det er vanskeleg å tenkja seg moderate lønnsoppgjer dersom leiarane får million-tillegg.¨

Uproblematisk
Generaldirektør Eivind Reiten sjølv meiner lønnsauken er uproblematisk. Han kallar det for moderasjon når han i 2003 har sagt nei til auke i basislønna.
Men han har fått auka rammene for bonus slik at han for 2003 kan få ei halv årslønn ekstra dersom Hydro gjer det godt. Slik kan Hydro-leiaren få to millionar kroner i bonus i tillegg til basisløna på 4,2 millionar kroner.
- Meiningslaust, seier RV-leiar Torstein Dahle. Han meiner at den toppleiaren som må motiverast med millionar av kroner i bonus, heller bør leita etter ein godt betalt jobb i det mykje omtalte utlandet.
Kortsiktig
- Dette gjer det fristande å driva kortsiktig for å få god bonus nett når denne sjefen er leiar, seier Dahle.
Professor på Norges Handelshøgskole, Tom Colbjørnsen, meiner derimot at det er bra med bonus-løn. - Slik kan eigarane sikra at toppleiaren gjer ein god jobb for bedrifta, og legg seg i selen for å sikra gode rekneskapsresultat, seier han.