Generaldirektør Eivind Reiten i Norsk Hydro kan komme til å tene over 6 millionar kroner i år. Det er næringsminister Ansgar Gabrielsen lite begeistra for.
Av
Kjetil Malkenes Hovland
- Regjeringa har gjort det stjerneklart kva vi forventar av norsk næringsliv, nemleg meget beskjedne tillegg i leiarposisjon. Og det gjeld sjølvsagt også Norsk Hydro, seier næringsminister Ansgar Gabrielsen.
I fjor sette Norsk Hydro opp generaldirektør Eivind Reiten si grunnløn til 4,2 millionar kroner.
Ei halv årsløn ekstra

I tillegg kom ein solid bonusordning som gjer at også 2003 kan bli svært lukrativt for Reiten. I fjor kunne han maksimalt få ein bonus på tre månadsløner. I år kan ho bli på heile seks månadsløner, altså ei halv årsløn ekstra.
Ansgar Gabrielsen meiner alle må ta eit ansvar for å få til eit moderat lønsoppgjer.
- Dette er meget viktig for konkurranseutsett næringsliv. Alle signal og enkelttiltak som motverkar eit moderat lønsoppgjer er uheldige og skadelege, seier han.
Kan tene 6,3 mill.
Sjølv om Reiten si grunnløn ikkje aukar, gjer bonusen at den samla årsløna hans i år kan komme opp i 6,3 millionar kroner. Men Reiten forstår ikkje at det skulle vere noko spesielt å bråke om.
- Mi løn blir fastsett av Hydro sitt styre etter grundig forarbeid i ein komite. Dette er vel det einaste spørsmålet i Hydro eg verken kan eller bør svare på, seier Reiten.
Han meiner det er styret som bør svare på spørsmål om løna hans.
- Viktig med moderat oppgjer
Prinsipielt sett meiner Reiten det er viktig med eit moderat lønsoppgjer i år.
- I år bør det bli eit moderat oppgjer på leiarnivå, og det blir det definitivt også i Norsk Hydro. Difor har også styret avgjort at mi løn ikkje skal aukast i 2003, seier Reiten.
Styremedlem Øystein Bråten i Herøya Arbeiderforening tykkjer sjefen kunne vist større moderasjon i dagens situasjon.
- Dette gjer det vanskelegare å argumentere for eit moderat lønsoppgjer, seier Bråten.
- Tenk deg om to gonger
 |
Hydro Aliminium i Sunndal. |
Også NHO-direktør i Telemark Ivar Moen synes det er et svært alvorlig signal som blir gitt fra Hydro-sjefen
- Dette er veldig negativt, for å seie det rett ut. Reiten er ikkje meir enn eit menneske, og det er klart han tek imot den løna han får, slik kanskje du og eg ville ha gjort, seier han.
- Men som ansvarleg toppleiar i ei så toneangivande industriverksemd som det Hydro er, bør både styret og Reiten tenkje seg om to gonger. I alle fall når vi ser at næringslivet nærmast ligg med knekt rygg rundt oss.
- Fotfolket får mindre tiltru
Leiar i fagforeninga ved Hydro Aliminium i Sunndal, Nils Roar Brevik, tykkjer heller ikkje at bonusane er eit signal om moderasjon frå leiinga.
- Dette gjer at vi får dårleg tiltru til at leiarane skal gjere dei same tiltaka som fotfolket, seier Brevik.
Hydro er delvis statseigd. Næringsminister Ansgar Gabrielsen antyder no at Eivind Reiten si løn vil føre til reaksjonar frå staten.