skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Rettssaka mot Slobodan Milosevic:

- Livet vert aldri det same

Bosniarar som har flykta til Noreg har ei vanskeleg tid no når rettssaka mot Milosevic har starta i Haag. - Han stal identiteten vår og fordreiv oss frå landet vårt. Eg håpar han får ein rettferdig dom i Haag, seier Zlatko Dzaferovic.

Publisert 12.02.2002 13:59. Oppdatert 12.02.2002 14:11.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Slobodan Milosevic regjerte i Jugoslavia i tretten år. Han står i dag tiltalt ved domstolen for krigsbrotsverk i Haag, for folkemord. Han er tiltalt for å ha drepe fleire tusen muslimar i Bosnia i 1995.

Milosevic er vidare skulda for å ha fordrive ein million menneske i krigane i krigane i Kroatia, Bosnia og Kosovo.

Ein av dei er Zlatko Dzaferovic. Han flykta til Noreg i 1993
og juristen bur i dag i Trondheim.

- Han stal identiteten vår

- Eg har kome hit til Noreg utan min eigen vilje. Eg vart fordrive frå landet mitt, fortel Dzaferovic. Familien og venene til familien er spreidd over heile verda. Han meiner at rettssaka i Haag kan gjere det råd å leggje fortida bak seg og gjere at ein klarer å leve saman:

- Dette vil bety mykje for alle, men særleg for dei som enno bur på Balkan. Eg trur at ein nøytral domstol som denne, er den beste. Og at dei klarer å føre prov for overgrepa, seier Djaferovic.

Vanskeleg

Mange bosniarar synest det er vanskeleg å snakke om krigen. Opplevingane og kjenslene kjem fram att.

- Ein dom kan berre delvis reparere. Men den kan aldri erstatte alle dei ofra, alle dei som har mist livet, seier han.

LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no