skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Farvel til Bondevik

Kjell Magne Bondevik tok valnederlaget med fatning. No ventar ein ny karriereveg. (Foto: Heiko Junge/Scanpix)
Kjell Magne Bondevik tok valnederlaget med fatning. No ventar ein ny karriereveg. (Foto: Heiko Junge/Scanpix)
Med Kjell Magne Bondevik sin sorti frå politikken, er ein lang politisk karriere over. Men presten frå Molde har ikkje tenkt å pensjonere seg med det første.

Publisert 13.09.2005 11:29. Oppdatert 13.09.2005 11:39.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Det var prest han skulle bli, Kjell Magne Bondevik, nevøen til den gamle KrF-kjempa Kjell Bondevik. Men det vart aldri så mykje tid til prestegjerninga for det politiske stortalentet frå Molde.

I 1969, alt før han var ferdig utdanna frå Menighetsfakultetet, vart han innvald som vararepresentant til Stortinget frå Kristeleg Folkeparti i heimfylket Møre og Romsdal.

Politikk

Då var han aktiv i Kristeleg Folkepartis Ungdom, der han også var leiar i perioden 1970 til 1973.

Kjell Magne og Bjørg Bondevik fotografert på dei røysta på Kolbotn 12. september. (Foto: Jarl Fr. Erichsen/Scanpix)
Sidan har det vore mest politikk. Rett nok har han ein del gjestespel bak seg i prestekjole, men stort sett er det stortingssalen og regjeringskontora som har vore Kjell Magne Bondevik sine areaner.

Ingen reknar med at Kjell Magne Bondevik no blir prest i den norske kyrkje fram til pensjonsalderen. Han har tidlegare gitt uttrykk for at han har lyst til å bruke si solide politiske erfaring til å arbeide for ein internasjonal humanitær organisasjon.

- Som statsminister har eg prøvd å arbeide for dei fattige i verda. Om det skulle dukke opp noko i den retning, kan det vere interessant, seier han i eit intervju.

Bokprosjekt

Eit langt politisk liv skulle også ha gitt mykje godt stoff til bøker, og mykje tyder på at Bondevik vil bruke den første tida etter avgangen som statsminister i oktober til å feste litt av det han har opplevd til papiret. Han har inngått ein avtale med Aschehoug, kan han fortelje.

Han har vore med på det meste i det norske politiske liv sidan han debuterte på Stortinget i ein alder av 22 år.

Kjell Magne Bondevik vart fast representant på Stortinget frå valet i 1973.

Korvald

Han var statssekretær hos Lars Korvald, som leidde nei-regjeringa etter den første EF-avrøystinga i 1972. Det gjekk 25 år frå han var statssekretær på statsministeren sitt kontor, til han sjølv vart statsminister for første gong i 1997.

Bondevik har vore medlem i dei fleste komiteane på Stortinget, og han var parlamentarisk leiar i fleire periodar. Han var leiar i KrF frå 1983 til 1995.

Han var vore med i mange regjeringar. Han kom med for første gong i Kåre Willoch si fleirtalsregjering, som kom til makta i 1983. Her var han kyrkje- og undervisningsminister, slik onkel Kjell var i mange år, men var også visestatsminister.

Han sat til regjeringa vart felt av Carl I. Hagen i 1986.

Syse-regjeringa

I 1989 vart han statsråd igjen, denne gong under Jan Peder Syse. Her var Bondevik utanriksminister i det året Syse-administrasjonen fekk sitje.

Så vart han sjølv statsminister for første gong i 1997, men etter sterkt press kasta han korta i 2000, for så å danne ei ny mindretalsregjering etter valet i 2001.

Denne regjeringa sit ein månad til, og så er det slut.

Kjell Magne Bondevik vart fødd i 1947, og han er gift med Bjørg (fødd Rasmussen) som også er frå Molde. Dei har tre born.

Ved sidan av politikken har han hatt to hovudinteresser, familien og fotball. Så sant det har vore mogleg har han fått med seg Molde FK sine kampar, og han har vore ein god støttespelar for klubben.

Bondevik spelar aktivt også sjølv. Saman med ein kameratgjeng spelar han fotball kvar fredag i gymnastikksalen på Kristelig Gymnasium.


(NRK-Odin-NTB)

Kjell Magne Bondevik gratulerer Jens Stoltenberg med valsigeren. (Foto: Lise Åserud/Scanpix)


Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no