skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Val 2005 S&F 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2005 Sogn og Fjordane Sist oppdatert 06:52
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100
6801 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42

Nordfjordkontor:
57 85 24 25
Sognekontor:
57 67 58 10

Distriktsredaktør:


 

- Godt SP-val klar bodskap

Liv Signe Navarsete og Erling Sande. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK
Liv Signe Navarsete og Erling Sande. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

Senterpartiet fekk 21 prosent av røystene og gjorde eit svært godt val i Sogn og Fjordane. Draumen om å få to på Stortinget ser likevel ut til å briste.

Publisert 13.09.2005 09:03. Oppdatert 13.09.2005 09:17.
Av Vidar Vie og Kjell Arvid Stølen

Koret song og champangekorkane gjekk i taket i valvakelokala på Sunnfjord Hotell måndag kveld. Senterpartiet har ikkje gjort det betre sidan EU-valet i 1993. Liv Signe Navarsete var strålande fornøgd.

- Audmjuk

Men håpet om to direktemandat brast ganske tidleg. I fleire av kommunane i Indre Sogn gjekk partiet tilbake. For fire år sidan mobiliserte dei for å få inn Navarsete då ho stod på andreplass på lista. Dei var ikkje like interesserte i å få inn årets toar, Erling Sande frå Bremanger. Men også han skålte i champagne i natt. - Eg blir audmjuk i forhold til den tilliten folk i Sogn og Fjordane viser Senterpartiet, dei har tru på at vi har dei gode løysingane for Sogn og Fjordane, seier Sande.

Klar bodskap frå Sogn og Fjordane

Tysdag morgon reiste nestleiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, til Oslo for å legge slagplanen for ei raudgrøn regjering, saman med dei andre toppane i Senterpartiet. Med seg har ho ein klar bodskap frå folket i Sogn og Fjordane. - Dei har sett at Bondevik-regjeringa har ført ein politikk som ikkje er den rette for Sogn og Fjordane. Dei ynskte eit skifte, og det er valresultatet eit tydeleg uttrykk for.


Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

- Sp størst sjanse til statsrådpostar

Senterpartiet i fylket ligg best an til å få ein statsråd i ei raudgrøn regjering. Det meiner valkommentator Knut Henning Grepstad.

Ap-samarbeid for posisjonar

Arbeidarpartiet i fylket vil samarbeide med dei andre arbeidar-partilaga på Vestlandet for å samordne kampen for posisjonar i den nye regjeringa. Det seier fylkesleiar Tor Bremer.

76,6% valdeltaking

76,6 prosent av dei røysteføre i Sogn og Fjordane røysta ved stortingsvalet. Det er 0,6 prosentpoeng betre enn ved valet for fire år sidan, men to prosentpoeng dårlegare enn ved valet for åtte år sidan.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Valresultat 2005

Her kan du sjå valresultatet for Sogn og Fjordane og kvar enkelt kommune i fylket.

Paneldebatt i NRK Sogn og Fjordane

Kampen om kven som skal representere Sogn og Fjordane på Stortinget har aldri vore jamnare. I ettermiddags-sendinga fredagen før valet var førstekandidatane samla til debatt.

Valquiz 2005

Kor mykje veit du om kandidatane våre? Her kan du teste deg sjølv. Valdagen trekkjer vi ut ein vinnar, og sender eit krus i posten.

Resultatet i BT-målinga

Her kan du sjå resultatet av augustmålinga til Bergens Tidende.

Kjendis-valkamp

Rolf Sanne-Gundersen Foto: NRK Kvifor bryr vi oss om meir eller mindre interesserte politikarar som reiser land og strand rundt med ein vag og uklar bodskap, spør kommentator Rolf Sanne-Gundersen.
  [NRK Sogn og Fjordane]

Frp-thriller i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane går det mot eit svært spennande val. Framstegspartiet kan få sitt første mandat nokon sinne.

Kva meiner partia?

Her kan du samanlikne kva partia meiner om dei viktigaste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no