Kvitsøy vart første kommune i Rogaland med det endelege resultatet. Arbeiderpartiet er valvinnaren på Kvitsøy. Kristeleg Folkeparti er størst, men går tilbake.
Av
Otto Voldsund og
Wenche Lamo Hadland
Som første kommune i Rogaland har Kvitsøy talt opp alle stemmene. Tendensen er den same som elles i landet: Arbeiderpartiet og Framstegspartiet går fram.
Men Framstegspartiet går ikkje så kraftig fram i Kvitsøy som mange andre stader. FrP får 16,8 prosent av stemmene, som er 3 prosentpoeng meir enn i stortingsvalet i 2001.
Arbeiderpartiet får 24,4 prosent av stemmene som er ein framgang på 9,3 prosent. Også Senterpartiet går fram i Kvitsøy med 2,4 prosentpoeng til 6 prosent.
Høgre går mest tilbake i Kvitsøy til 8,9 prosent, ein tilbakegang på 4,9 prosentpoeng.
Frammøtet var på 82,3 prosent i Kvitsøy.