Gasskraftverket på Kårstø vert ikkje stansa av eit raud-grønt fleirtal, uansett kva Hallgeir Langeland måtte finne på. Det seier førstekandidat for Arbeiderpartiet, Tore Nordtun.
Av
Ingvald Nordmark og
Otto Voldsund
Dette er avklart på forhånd, seier Nordtun. Det som gjenstår er kor mykje pengar som skal settast inn på CO2 rensing, ikkje berre av gasskraftverk, men i Norge generellt, seier Tore Nordtun.
Ingen avtale
På spørsmål om det er ein avtale mellom Arbeiderpartiet og SV om at gasskraftverk skal byggast uansett er Nordtun litt mindre bastant.
- Eg har ikkje site i forhandlingane, eg legg vekt på kva Ap-leiar Jens Stoltenberg har sagt om at konsesjonane som er gitt skal fullførast, seier Nordtun.
Kårstø har fått konsesjon, dermed skal Kårstø etablerast, seier Nordtun.