Framstegspartiet er det klart største partiet i skulevalet i Rogaland.
Av
Hilde Torgersen og
Eva Sleire
Framstegspartiet fekk 27,1 prosent av stemmene, noko som er vel 10 prosentpoeng meir enn ved forrige stortingsval, men 3,3 prosentpoeng mindre enn ved kommunevalet for 2 år sidan.
Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Trond Birkedal jublar over resultatet. Han viser også til at oppslutnaden i skulevalet har stige kraftig, og lovar no å gjera alt han kan for å få ungdommane til stemmeurnene den 12. september.
Det nest største partiet i Rogaland er Arbeidarpartiet som fekk 15,5 prosent av ungdomsstemmene. AP går fram nær 5 prosentpoeng frå kommunevalet for to år sidan, og nær 10 prosentpoeng i høve til sist stortingsval.
- Vi hadde håpt på ein liten framgang, men dette er heilt sinnsykt bra og langt betre enn vi nokon gong hadde trudd, seier leiar i AUF i Rogaland, Torstein Tvedt Solberg.
På tredjeplass kjem SV med 14,4 prosent.
Høgre har ein oppslutnad på 11,9 prosent, og går tilbake både i høve til valet for to år sidan, og i høve til stortingsvalet i 2001.