skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Dompapen som veks

Holger Hestetræet i Vestnes har i lengre tid lagt merke til ein spesiell dompap på fuglebrettet sitt, ein dompap som blir større og større!

Publisert 24.02.2006 15:18.


Foto: Holger Hestetræet


Dompapen åt heile tida, og blei større og større og tammare og tammare. Då Hestetræet skulle ta bilete av fuglen den 19. februar, kom han så nær at at han måtte rygge tilbake for å få skarpt nok bilete!

For mykje mat?

I Naturtelefonen fredag 24. februar spurde Hestetræet ornitolog Alv Ottar Folkestad om det er slik at fuglar kan bli overfora, at dei rett og slett kan ete seg feite.

Folkestad svarte at han berre har opplevd det med skadde rovfuglar han har hatt i pleie. Han trur at denne spesielle dompapen er sjuk, og at han prøver å kompensere ved å ete mykje. Når småfuglar får t.d. salmonellasmitte, blæs dei seg opp og døyr etter nokre få dagar. Det er også typisk for ein sjuk fugl at han blir mindre sky enn vanleg.

Foto: Holger Hestetræet



Siste saker:
Flere saker: ALT OM NATURTELEFONEN

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no