skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Merkeleg skjelett og grønt vatn

Naturtelefonen får inn mange interessante spørsmål og foto frå lyttarane. Denne gongen gjeld spørsmåla observasjonar frå fjøra: eit merkeleg skjelett og svært grønt sjøvatn.

Publisert 16.05.2006 14:39.

Av May Britt Haukås og Odd Sørås


Skjelettet

I Naturtelefonen sist fredag fortalde Arild Naalsund frå Kristiansund om eit merkeleg skjelett han og kona fann i fjøra på Skårneset i Halsa. Det ligna korkje på fugl eller fisk, og ingen han hadde vist bileta til, kunne forklare kva dette var.





Men akvarist Jan Einarsen meinte at dette måtte vere restane av ei lita nise, sjølv om han syntest det var rart at sporden mangla. Det same meinte ornitolog Alv Ottar Folkestad. Og dei hadde rett. Etter sendinga ringde ein mann frå Halsa og fortalde kva som hadde skjedd med nisa.

Ho hadde vore så uheldig å gå i eitt av garna hans og drukna. Han bestemte seg for å ta vare på kjøtet, og skar ho rein. Litt kjøtrestar var likevel att på beina, og dei tenkte han reven kunne få. Derfor batt han eit tau rundt sporden på nisa og festa han til eit tre. Og reven forsynte seg - så grådig var han at han prøvde å dra heile skrotten med seg.

Den slitna der tauet var festa, reven drog resten med seg eit stykke, og der fann fiskaren skjelettet seinare. Han drog det med seg ned i fjøra, og der dreiv det av innover Halsafjorden. Og slik hamna det altså i fjøra på Skårneset.




Grønt i fjøra

Torstein Viken frå Ona har sendt oss bilete frå fjøra vest for Ålesund maritime skole. Den dagen han tok bileta var vika full av sterkt grøne algar, og han lurte på kva dette er.



Akvarist Jan Einarsen fortel at det er vanleg med slike lokale algeoppblomstringar i enorme mengder i beskytta område, t.d. i tidevassdammar og bakevjer der næringsinnhaldet i vatnet er svært høgt.



Algane er eincella planter som er svært viktig næring for dyreplankton av ulike slag - som i sin tur blir mat for andre skapningar i havet. Det er med algane næringskjeda i havet startar.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM NATURTELEFONEN

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no