skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Berga rådyr

Erling Eide frå Eidsbygda i Romsdal fortel om ein bergingsaksjon til sjøs.

Av Odd Sørås. Publisert 09.06.2006 15:19.

Erling Eide skriv til oss:

Hadde forleden kveld ei "deja vu "-oppleving på ei hending for 30 år sidan då bror min og eg berga eit rådyr ute i fjellsida til Oksen ( mot Romsdalsfjorden ). Me var ute og dorga då me kom over eit rådyr som hadde falle på sjøen og ikkje hadde moglegheit til å komme på land igjen.



Måndag kveld skjedde det igjen, dyret hadde imidlertid kome seg opp på berget, men rundt på alle kantar var det stupbratt og glatt fjell. Bergingsaksjonen gjekk ut på at me nærma oss i båt ( var på dorging med naboen denne gongen) så pass at rådyret, som forøvrig var eit fjorsdyr, pøvde å flykte og dermed rausa på sjøen.



Der var det ei enkel sak å fange det og løfte det ombord i båten. Så gjekk turen til meir beitevennlige område der eg bar det på land og sleppte det til friheita igjen ! Det var jo litt skriking (rådyret) og fliring( tobeinte ) undervegs, men me var nøgde med aksjonen, ja ! Eg bytta til og med blod med krabaten, så eg har vel ein ny "blodsbror " !



Men eg hadde òg eit spørsmål :
Det var ein del flått( skaubjørn) på dyret, spesielt i buken, og eg lurer på kor mykje flått eit slikt dyr "tåler" før det stryk med ?

(Hugsar ein episode for ca 10 år sidan der eg som viltnemdmedlem vart utkalla for å hente eit rådyr som låg død i ein hage. Dette vaksne dyret hadde hundrevis av flått over heile buken og hadde nok ikkje makta påkjenninga.)

mvh
Erling Eide, Eidsbygda

SVAR:
Olaf Birkeland seier at ein fjorskalv som denne tåler mykje flått. Men for ein nyfødd kalv skal det mindre til før påkjenninga blir for stor.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM NATURTELEFONEN

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no