skillegodt for ganen toppromoskillespråkspalten toppromoskilleSport topp promoskille_slutt
Toppbanner  Hordaland programmer 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Hordaland > Programmer NRK Hordaland Sist oppdatert 11:45
NRK Hordaland Postboks 7777, 5020 BERGEN
Tel: 55275200
Fax: 55275299
Distriktsredaktør:
Nettredaktør:
Lokalkontor:
Hardanger:
55 27 59 92
Stord:
55 27 59 91

 

Vestlandsrevyen

11. november 1991 klokka 1915 kom Vestlandsrevyen på lufta for første gong. Karl Kolstad var leiar for NRK Hordaland. Her fortel han litt om bakgrunnen og førebuingane for sendinga.

Publisert 08.11.2001 09:49. Oppdatert 08.11.2001 09:58.
SE OGSÅ:
AV KARL KOLSTAD

Utan ein lyd

Månader med førebuingar, intern krangel, oppbygging av forventingar og PR om storhendinga låg bak oss novemberkvelden i 1991. Me var i gang, og programleiar Kari Amble presenterte mellom anna reportasjar frå krabbefiske og frå høgfjellet. Så gjekk sendinga utan lyd til Sogn og Fjordane! Dagen etterpå vart eg intervjua i Førde: - Nei, det var ikkje med vilje, og nei, me kunne ikkje garantere at det ikkje ville hende fleire gonger.

Alle som var på jobb den kvelden for ti år sidan hugsar sikkert framleis denne merkelege kjensla av mediehistorie og nyskaping i NRK: Daglege regionale sendingar. Og alt hadde fungert bra – bortsett frå det med lyden til nordfylket.

Nakketak på TV2

Etter premieren gratulerte Kringkastingssjefen, og spanderte kake og musserande vin. Så tenkte han nok sitt: Dersom denne satsinga vart vellukka, hadde han teke eit solid strategisk nakketak på konkurrenten som snart skulle starta sendingane sine. I alle granneland satsa TV2 på daglege regionale nyhendesendingar som eit effektivt verkemiddel for å få større oppslutning enn ”moderkanalen”. Einar Førde ønskte ei annan utvikling i NRK.

Knuslete framlegg

For min del tenkte eg på møtet med han nokre månader før, då programbudsjettet skulle fastsetjast. Me hadde teke ”godt i”, men Førde syntest framlegget var for knuslete. - Eg har ingen sentimentale kjensler for prosjektet. Eg plussar på ein million, og så har de eitt år til å gjera sendinga til noko som er viktig for folk flest i regionen. Greier de ikkje dette, er det spikeren i kista, både for Vestlandsrevyen og for tanken om regionale sendingar i NRK, var avskjedshelsinga hans.

Det travle året

1991 var året då me verkeleg hadde det travelt ved NRK Hordaland. Det var året då me fekk alt me bad om, og vart spurde om å gjera endå meir: Middagsstunden feira sitt 25 års-jubileum og var verdas eldste radioprogram for eldre, me flytta frå Grieghallen til Minde på planlagt dato, hadde stor opningsfest, utvida radiosendingane kraftig og fekk ekstraressurs i redaksjonen, rekrutterte svært mange nye medarbeidarar, fekk endeleg vedtak om at Norge rundt skulle flytta hit, hadde open dag der tusenvis av bergensarar kom for å sjå korleis me hadde det, fekk nytt utstyr og planla sterkt utvida produksjon for riksfjernsyn, og region-TV kom på lufta. Før året var heilt slutt, kom det jamen spørsmål om å ta ansvar for relativt mange sendingar med Frukost-TV på laurdagar i det nye året. Me tenkte nok at dreg du den, så dreg du den. Så svaret vart ja.

Dyktige tilsette

Grunnen til at me greidde oppgåvene dette året var stor innsats frå alle tilsette, dyktige prosjektleiarar, og strålande samarbeid mellom leiing og tillitsvalde. Det var til dømes 30 møte i tilsettingsråd, med i alt 50 tilsetjingssaker. Berre i ei var me usamde.

Midttun slo i bordet

Men dette handlar om Vestlandsrevyen, så la oss skru klokka tilbake til hausten 1990:

Alle medarbeidarane deltok på helgeseminar i Ulvik, der eitt tema var korleis dei vurderte leiarane på huset. Det kom nokre friske fråspark under seansen, og første arbeidsdag etter seminaret starta med at redaksjonssjefen i Fjernsynsavdelinga, Knut Midttun, kom på kontoret mitt. Bodskapen var klår: Han ville ikkje vera leiar lenger i ei bedrift der mange medarbeidarar ikkje skjøna at dei hadde dyktige sjefar.

Han laga malen

Ingen av oss ante at mannen med det mørke åsynet som stod og fekta med hendene, skulle bli han som skapte Vestlandsrevyen. Men like etter denne novembermåndagen kom signalet frå Kringkastingssjefen:
- Førebu start av regionale nyhendesendingar. Eg vil ha eit samarbeidsprosjekt mellom kontora i Hordaland og i Sogn og Fjordane. Bergen skal vera sendestad. Me må vera i gang med såkalla prøvedrift om eit år!

Midttun var mannen

Ingen andre i NRK kunne førebu og planleggja denne nyskapinga betre enn Knut, som vart utpeika til prosjektleiar rett før jul i 1990. Straks var mismotet hans borte, og erstatta av glød og entusiasme. Samtidig starta eit unikt samarbeid mellom oss. Så godt som kvar einaste arbeidsdag i meir enn eitt år hadde me ”andakt”, der han røykte sin Teddy, fortalde kva som hadde skjedd sidan i går, at det og det måtte gjerast, kva som var flaskehalsar som han måtte ha hjelp til, kva som var i rute og som leiinga ikkje trong tenkja på. Arbeidsdelinga var at han og redaksjonssjefane i hovudsak jobba internt, medan Magni Øvrebotten i NRK Sogn og Fjordane og eg skulle ta problemstillingar som var retta mot Marienlyst.

Gullfuglane

No ti år etter tenkjer eg at me skaut fleire gullfuglar på kort tid: Knut var den eine, og så kom Hans-Tore Bjerkaas som redaksjonssjef. Saman med radiosjef Dagfinn Malt var me eit lag som spela i elitedivisjonen i NRK.

Fekk heidersprisen

Eg reknar ikkje Knut Midttun for Vestlandsrevyens ”far” – slik mange gjer -, men som kreativ, effektiv og entusiastisk fødselshjelpar. Aldri har vel Kringkastingssjefens heiderspris gått til ein meir kvalifisert kandidat. Farskapet til revyen må Einar Førde ta på seg. Utan hans overhøyring og til dels overkøyring av motstandarane både i Det Store Kvite Huset og utanfor, hadde ”barnet” - ”det uekte barnet avla i kjærleik”, som han sa - vore dødfødt. Knut var jordfar, og så kan vel distriktsdirektøren og me som var i styringsgruppa reknast som fadrar.

Mal for heile landet

Rett nok var det blitt prøvd og feila med regionale sendingar både ved vårt kontor og ved andre distrikskontor tidlegare. På denne måten var grunnlaget lagt for meir systematisk satsing. Men Knut skapte ikkje berre vår revy. Han laga malen som dei regionale distriktssendingane i NRK faktisk brukar framleis.

Å definera vekk eit problem

I sitt første år som kringkastingssjef, opplevde Einar Førde at Stortinget vedtok ein lisensauke med sterke føringar. NRK hadde søkt om ekstralisens for å førebu Lillehammer-OL, men politikarane slo ettertrykkeleg fast at dei nye inntektene skulle brukast til styrking – særleg av fjernsynsproduksjonen – ved distriktskontora. Distriktsdirektør Harald Bøe var sterk talsmann for å få i gang daglege regionale sendingar, men Førde oppdaga snart stor motstand mot regiontanken på Marienlyst. Mange der meinte at prosjektet ville stela av ei kake som dei hadde førsterett til. Samtidig visste altså Førde at TV2 førebudde sitt programskjema, og med bakgrunn i røynslene frå utlandet ville kanalen heilt sikkert satsa nettopp på region-TV. Difor måtte NRK vera først ute for å blokkera for konkurrenten.

Frontsoldaten

Ekstralisensen som kom og etableringa av TV2 her i Bergen er svaret på kvifor oppgåvene fossa ned over oss i 1991. NRK var på veg frå monopol til marknad. I slaget som ville koma, skulle NRK Hordaland vera ein viktig frontsoldat.

Berre eit forsøk

Korleis får Kringkastingssjefen gjennom viljen sin i eit miljø der det er betydeleg uvilje og motstand mot tankane hans? Han formulerer seg gjennom problema ved å be om planlegging av eitt års FORSØK med regionale sendingar. Dersom forsøket blir mislukka, er det ikkje meir å bråka om. Blir sendingane ein suksess, må motstandarane – først og fremst i Dagsrevyen og i Faktaredaksjonen – bøye av.

Førebuinga startar

Så startar førebuingane. Ei styringsgruppe med distriktsjef og redaksjonssjef ved dei to kontora har overordna ansvar. I starten skal sendinga først og fremst vera for Hordaland. Medan Sogn og Fjordane ventar på større kapasitet både redaksjonelt og teknisk, leverer kontoret stoff ”etter evne”. Men Magni og kompani i Førde har ansvar for mange av dei redaksjonelle premissane som ligg til grunn i planlegginga. Her på huset brukar Knut og avdelingsjefane mykje tid for å finne ut kva som trengst av teknisk utstyr, studiokapasitet, dekor, bemanning og programbudsjett. Eit studio-alternativ som vart seriøst vurdert, var å ha sending frå resepsjonen. Så kunne ”almuen” stå på utsida og sjå.

Kor mykje skal me sende?

Snart ser ein at to føresetnader må avgjerast snarast mogeleg: sendetidspunkt og lengd på sendinga. I styringsgruppa leikar me med alle slags tankar, og vil gjerne ha minst 25 minuttar dagleg – heilt til me skjønar at så ambisiøse planar er umogelege å gjennomføra. I april 1991 får Kringkastingssjefen vår utgreiing om daglege fjernssynssendingar for Hordaland/Sogn og Fjordane. Notatet beskriv m.a. kva sendingane bør innehalda, kva ressursar som trengst og korleis prosjektet skal organiserast.

- Vis veret

I notatet slår me fast at Vestlandsrevyen skal vera namn på sendinga, med 10 minuttar sending fire dagar i veka og 25 minuttar ein dag, like i framkant av Dagsrevyen. Me gjorde eit stort nummer av at sendinga ikkje skulle vera lang, men i staden ”litt for kort”, slik at sjåarane liksom venta seg litt meir. Dessutan var Knut ein sterk tilhengjar av verbilete – kvar einaste dag måtte me visa korleis veret var ein stad i området vårt.

Namnet - for ambisiøst

Distriktsdirektør Harald Bøe var heile tida ein utruleg våpendragar for oss og for Einar Førde. Distriktsdirektøren triksa og fiksa og overførde frå ulike budsjett til eit kamera her og ein lyskastar og eit redigeringsutstyr der. Eg hugsar berre to gonger at Harald sette foten kraftig ned. Han syntest at Vestlandsrevyen var eit altfor ambisiøst namn, og dessutan var han usamd i planane våre om å kjøpa fin autoCue.
– Alt blir så dyrt i Bergen, sa Harald ein gong etter at me hadde krangla om utstyr. Tittelen på sendinga vart sak for Kringkastingssjefen, og autoCue vart kjøpt inn av pengar som var til overs på eit eller anna programbudsjett.

77 søkte jobb

I vurderinga av ressursbehov slo me fast at Hordaland måtte ha 13 nye stillingar innan program og teknikk. Då dei fire første journaliststillingane vart utlyste, kunne me velja mellom 77 søkjarar. Mange opplevde sikkert tilsetjingsprosessen som brutal, ved at aktuelle kandidatar vart intervjua fleire gonger. I tillegg måtte alle gjennomføra skjermprøve, noko som verkeleg skilde dei beste og dei nest beste. Den første som vart tilsett på programsida var produsent Lasse Wallace, og det vart tidleg avgjort at Kari Amble og Arild Sondre Sekse skulle vera programleiarar. Etter kvart kom fleire nye medarbeidarar, og mange av dei har blitt solide berebjelkar i utviklinga av kontoret vårt – til dømes har både dagens distriktsredaktør og vikaren for henne vore tilsett i ti år no.

Krangel

Det avgjerande slaget mellom oss og Fjernsynsdivisjonen stod om sendetida. Me fekk tilbod om å senda regionnyheter før Barne-TV starta. Vår meining var at det verka bortimot idiotisk å satsa store ressursar og prestisje i ei sending på eit tidspunkt når folk flest knapt hadde kome heim frå jobben. Magni og eg vart innkalla på direktørmøte, og gjekk derfrå med smil om munnen. Sendinga vår skulle heita Vestlandsrevyen, og revyen skulle på lufta like før Dagsrevyen. Fire dagar i veka skulle sendinga vara ti minuttar, medan det ein dag kvar veke vart rydda plass til eit magasin på 25 minuttar med plass for lengre reportasjar eller debatt. Endå ein gong formulerte Einar Førde seg vekk frå innvendingane om at Vestlandsrevyen var eit ”for godt” namn. – Dette skal vera ei sending for det SENTRALE Vestland, og det må både rogalendingar og møringar finna seg i, sa han.

"Nokon" saboterte

Men som ofte i NRK er ein konklusjon starten på nye diskusjonar. Svært dominerande krefter - spesielt i Dagsrevyen og i avdelingane for fakta og kultur – såg at dagleg sending i berre ein region sjølvsagt var ein bastard. Dei gjorde heilt sikkert livet surt for fjernsynsdirektør Andreas Skartveit. Han måtte komponere eit sendeskjema som gjorde det mogeleg å kopla ut Hordaland og Sogn og Fjordane eit kvarter før Dagsrevyen. Vedtaket frå Direktørmøtet var at divisjonen skulle finna program som var like lange som Vestlandsrevyen. Snart skulle det visa seg at ”nokon” saboterte dette, og på programskjemaet kom til dømes da Capo med allsong og med melding frå programleiaren at no sa dei farvel til sjåarane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Ingen som var på jobb den kvelden Vestlandsrevyen braut av Jens Book Jensen medan han song ”Det er lov å være blid”, gløymer telefonstormen som rasa over Minde då. Jamen glødde telefonlinene også då me braut oss inn i siste minutta av ein ishockeylandskamp.

- Stopp tøvet

I slutten av september 1991 hadde NRK stort leiarmøte om strategiar for framtida. Dagsrevysjef Egil Sundar gjekk på talarstolen og i velkjend arrogant stil kravde han at Einar Førde stoppa sitt tøvete prosjekt med regionsendingar, og i staden skaffa meir pengar til Dagsrevyen. Faktasjef Maiken Ims sa omtrent det same, og ville ha pengane ”våre” til sin redaksjon. Magni og eg hissa oss kraftig opp, og minte folk om at utstyr og folk var på plass, me dreiv prøveproduksjonar og tålte ikkje nokon form for usikre signal lenger. Toget hadde gått. I oppsummeringa si ignorerte Einar Førde opptrinnet. Han berre slo fast at Vestlandsrevyen skulle starta sendingane sine om halvannan månad.

Framlegg frå Sørlandet

Eit noko spesielt innspel kom frå distriktssjefen på Sørlandet i sluttfasen. Han var redd for at det ikkje vart nok pengar til regionsendingar i heile landet. Difor ville han ha eit kamera i radiostudio, slik at ettermiddagsbulletinen kunne bli ei ”bimedial” regionsending. Framlegget frontkolliderte med mine tankar om fjernsynsnyhende som ei total oppleving gjennom lyd og bilete, og Bjørn Rygh fekk mykje frå mange kjeft for framlegget.

Etterpåklokskap

Frå første dag var førestnaden å ha Vestlandsrevyen som eit samarbeidsprosjekt mellom distriktskontora i Hordaland og i Sogn og Fjordane. Eg hugsar med glede fellesmøta våre i planleggingsfasen. Til slutt skreiv alle under eit omfattande notat, der det mellom mykje anna står at sendingane skulle vera resultat av eit samarbeid mellom likeverdige partar. Me burde nok brukt meir tid på å definera denne likskapen og avklart kven som skulle ha siste ord - redaktørrollen var uklår og fordelinga av budsjettmidlar endå mindre avklåra. Resultatet fekk litt for mange kjenna på kroppen både her og i Førde: endelause og til dels svært opphissa diskusjonar om pengar, prioriteringar og om tildeling av sekund her og der.

Gløymde Bergen

Me hordalendingar brukte også for lita tid i planleggingsfasen til å fortelja at ein stor by i fylket vårt er befolka med fleire hundre tusen nærsynte patriotar. Sjølv om Einar Førde seier at bergensarar er sogningar som ikkje nådde Amerikabåten, burde eg nok understreka at Bergen, resten av Hordaland og nordfylket burde vera tre redaksjonelle element i eit samarbeid mellom likeverdige partar – ikkje to.

Andre tabbar

Her på huset gjorde me våre eigne tabbar. Ein av dei var å ikkje avklara tilstrekkeleg kva me meinte med bimedial jobbing, som var i motstrid til det tradisjonelle NRK-synet om fullprofesjonalitet i eitt medium. Eit uttrykkeleg krav frå Oslo var at me braut ned veggane mellom radio og fjernsyn i redaksjonen. Begge media skulle ha nytte av dei nye ressursane. Me satsa på at journalistane som var ute i oppdrag for Vestlandsrevyen skulle laga radio SAMTIDIG. Det var eit feilgrep som fekk leva for lenge. Personaldisponeringar og pengetildeling gjorde sitt til at radioredaksjonen følte seg som tapar. Me burde omorganisert på teknisk side FØR Vestlandsrevyen starta, og det gjekk altfor lang tid før desse justeringane kom. Resultatet vart endå høgare båsar, og sektortenking. Det store skrekkens eksempel er vel då Vestlandsrevyfolka hadde kake for eit eller anna, og kollegane i distriktsradioen – i same rommet - vart gløymde. Våre vurderingar var prega av alle oppgåvene som skulle løysast, og det sterke kravet om suksess innan eitt år. Dette gjorde oss altfor varsame når avgjerder vart tekne.

”Foruroligande gode” sjåartal

Første veka såg 300 000 hordalendingar på Vestlandsrevyen – det var fleire som følgde vår sending enn Dagsrevyen. Etter nokre dagar ringde Andreas Skartveit, og gratulerte med ”foruroligande gode” sjåartal. I media var mottakinga noko blanda, og heilt frå starten har ord som Sognerevyen eller Strilarevyen vore ein del av vår kvardag. Men det ligg også eit brev i arkivet vårt, der ei jente frå Nordfjord protesterer på at ”Bergensrevyen” trengjer seg inn når ho vil sjå andre ting. I eit anna brev skriv ei kvinne at revyen har hatt altfor lang ferie: ”Eg saknar så blide og dyktige Kari Amble og han Arild”.

Eittårsgåva

Vestlandsrevyen vart altså snart ein viktig del av røyndomen for mange i fylket vårt. Og me kunne ikkje få nokon betre eittårsgåve enn eit notat som Kringkastingssjefen sende til styret 11.11.92: Framlegg om å etablere daglege regionsendingar i heile landet.


NYHETSBREV
Få nyhetene fra NRK Hordaland på e-post - helt gratis!:

LYD OG VIDEO
Lyd og Video Se og hør opptak av nyhetssendingene fra NRK Hordaland!
Mer
 
 
 
10 SISTE NRK HORDALAND
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no