- Erfaringane frå ei ny norsk koalisjonsregjering kjem til å bli viktige for dei sosialdemokratiske partia i heile Norden, seier Sveriges statsminister Göran Persson.
Av
Bent J. Tandstad
- Det har vore heilt uvanleg for sosialdemokratiske parti i Norden å gå inn i koalisjonsregjeringar. Derfor vil dei erfaringane Arbeidarpartiet og Jens Stoltenberg gjer, bli viktige for systerpartia i dei andre nordiske landa, seier Göran Persson.
|
Sveriges statsminister Göran Persson. (Foto: AFP/Scanpix) |
I eit intervju med NRKs Norden-korrespondent Kjell Pihlstrøm kallar Persson brakvalet til Arbeidarpartiet for ein stor triumf både for Jens Stoltenberg personleg, og for partiet.
Han rosar Jens Stoltenberg, og kallar det ein stor prestasjon å kome så sterkt tilbake frå det elendige valet i 2001.
- Det blir bra for Noreg med ei ny fleirtalsregjering. Og det blir triveleg med ei sosialdemokratisk regjering til i Norden. Vi i Sverige har kjent oss litt åleine dei siste åra, seier Persson.
Han trur dei erfaringane som den nye norske regjeringa kjem til å gjere i tida framover, blir viktige også for dei andre sosialdemokratiske partia i Norden.
Han utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt for Sosialdemokratarna i Sverige å danne ei koalisjonsregjering seinare. (NRK)