skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Vemodig farvel til makta

Valgerd Svarstad Haugland og Knut Arild Hareide misser statsrådspostane sine, og ser heller ikkje ut til å kome inn på Stortinget.

Publisert 13.09.2005 08:50. Oppdatert 13.09.2005 13:05.
Av Bent J. Tandstad

KrF

Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland er tidlegare partileiar for KrF, og var førstekandidat for partiet i Akershus. No er veljarane sin dom klar. Ho må finne seg ein annan jobb i løpet av hausten.

Knut Arild Hareide har ikkje plass i det nye Stortinget. (NRK-foto)
Parti- og regjeringskamerat Knut Arild Hareide kjem heller ikkje inn på Stortinget frå Hordaland. Han stod på tredjeplass på lista, etter Ingebrigt Sørfonn og barne- og famiieminister Laila Dåvøy, som begge kjem inn på fast plass i det nye Stortinget.

Laila Dåvøy held fram på Stortinget.
Statsminister Kjell Magne Bondevik var ikkje kandidat til Stortinget, og har gjort det klart at om han ikkje vart statsminister, så er det farvel til politikken. Ein jobb i ein internasjonal humanitær organisasjon er eit mogleg jobbval for den erfarne politikaren.

Dagfinn Høybråten held fram på Stortinget.
Arbeids- og administrasjonsminister Dagfinn Høybråten er attvald til Stortinget frå sitt nye heimfylke Rogaland, og skal kombinere stortingsplassen med vervet som partileiar i Kristeleg Folkeparti.

Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson var ikkje kandidat til Stortinget, og står utan jobb når regjeringa går av. Dei fleste tipsa går i retning av ein toppjobb i FN eller ein annan internasjonal organisasjon.

Høgre

Erna Solberg skal leie Høgre frå Stortinget.
Kommunalminister og partileiar i Høgre, Erna Solberg, fekk fornya tillit på Hordaland-benken, og skal leie partiet vidare frå opposisjon på Løvebakken.

Forsvarsminister Kristin Krohn Devold (H) tok ikkje attval til Stortinget, og det er uklart kva ho skal ta til med når venteløna frå regjeringa går ut.

Utanriksminister Jan Petersen (H) og næringsminister Børge Brende er begge innvalde for ein ny periode på Stortinget.

Per Kristian Foss held fram på Stortinget.
Finansminister Per Kristian Foss skal også halde fram på Stortinget.

Olje- og energiminister Torhild Widvey kom til regjeringa frå ei stilling i Utanriksdepartementet. Ho var først statssekretær, og vart deretter statsråd. Ho har ikkje plass på Stortinget.

Helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen sa nei til attval på Stortinget, så det er uklart kva han skal gjere når han har levert frå seg nøkkelen til departementet.

Fiskeriminister Svein Ludvigsen er alt utnemnd til fylkesmann i Troms.

Morten Andreas Meyer har ikkje plass på Stortinget.
Moderniseringsminister Morten Andreas Meyer har ikkje stortingsplass, og går truleg tilbake til den gamle jobben sin som konsulent for næringsliv. Han har også vore varaordførar i Hamar kommune.

Venstre

Landbruksminister Lars Sponheim har leidd partiet sitt til eit brakval, og han vart attvald med god margin til Stortinget.

Lars Sponheim held fram på Stortinget. (Scanpix-foto)
Justisminister Odd Einar Dørum fekk også fornya tillit på Stortinget, der også parlamentarisk leiar Trine Schei Grande vart innvalt frå Oslo.

Ho var inne på Stortinget også i siste periode, men då var ho berre vararepresentant som møtte fordi Odd Einar Dørum var i regjeringa.

Samferdsleminister Torild Skogsholm kom til regjeringa frå ein toppjobb i mobiltelefonselskapet Netcom. Ho har ikkje fått plass på Stortinget, så ho hamnar nok i det private næringslivet igjen.

Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no