skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Den store triumfatoren

Jens Stoltenberg er valgets store triumfator. (Foto. Scanpix)
Jens Stoltenberg er valgets store triumfator. (Foto. Scanpix)
Jens Stoltenberg er den store triumfatoren etter stortingsvalet i går. Frå midten av oktober blir han vår neste statsminister.

Publisert 13.09.2005 07:00. Oppdatert 13.09.2005 13:31.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Når nesten 100 prosent av røystene er opptalde, er det ikkje eit fnugg av tvil. Det blir ei raud-grøn regjering med Jens Stoltenberg som statsminister.

87-82

Dei tre partia, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vil få 87 representantar på Stortinget. Dei borgarlege, inkludert Framstegspartiet, hamnar på 82.

Den sitjande regjeringa og statsminister Kjell Magne Bondevik står igjen som den store taparen.

Carl I. Hagen hadde all grunn til å juble i natt. (Foto: Morten Holm/Scanpix)
Av dei tre regjeringspartia, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre, er det berre Venstre som har grunn til å juble, men berre litt.

For Venstre sine veljarar kjem i stor grad frå dei andre regjeringspartia, og partiet er ikkje lenger i regjeringsposisjon.

- Eg gler meg til å bli statsminister. Mest fordi det er ein meiningsfylt og viktig jobb, og fordi det er viktig for meg å trekkje Noreg i rett retning, seier Jens Stoltenberg.

Alt i natt var det eit møte mellom Jens Stoltenberg, Senterpartiets Åslaug Haga og SV-leiar Kristin Halvorsen. I løpet av kort tid vil det kome i gang reelle forhandlingar om å danne ei ny raud-grøn regjering.

Skuffa

Kristin Halvorsen er den med minst grunn til å juble av dei tre partileiarane som no skal danne regjering saman. Ho er skuffa over at partiet har mist åtte stortingsrepresentantar i forhold til valet i 2001. I det nye Stortinget vil SV ha ei gruppe på 15 representantar.

Ikkje berre glede for Lars Sponheim, trass i brakvalet for Venstre. (Foto: Heiko Junge/Scanpix)
For Jens Stoltenberg og Arbeidarpartiet er valet eit historisk comeback. For første gong på lenge ser partiet igjen 30-talet, og i morgontimane i dag ligg Ap på 32,7 prosent av røystene. Det gir 62 representantar på Stortinget, ein auke på 19 frå inneverande periode.

Ved det historisk dårlege valet i 2001 fekk Ap berre 24,3 prosent av røystene, og partiet er no på veg tilbake der dei var på midten av 90-talet.

Senterpartiet og Åslaug Haga har også gjort eit solid val, men det er langt frå noko brakval. 6,5 prosent av røystene, mot 5,6 prosent for fire år sidan. 11 stortingsrepresentantar, mot 10 i dag.

Framstegspartiet

Dei tre noverande regjeringspartia er no berre så vidt større enn det klart største opposisjonspartiet, Framstegspartiet.

Partiet til Carl I. Hagen held fram den sterke framgangen partiet har hatt ved dei siste vala, og med 22,1 prosent av røystene har partiet god grunn til å sleppe jubelen laus. Det gir 37 representantar på Stortinget, mot 26 i dag.

Det store spenningsmomentet blir om den uforsonlege tonen mellom Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet vil halde fram også etter at Kjell Magne Bondevik si tid er ute, og om vi vil sjå ei tilnærming mellom Høgre og Framstegspartiet.

Frå venstre Kristin Halvorsen (SV), Jens Stoltenberg (Ap) og Åslaug Haga (Sp) på Stortinget i natt. (Foto: Tor Richardsen/Scanpix)



LENKER
Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no