I år blir det enten Rosenborg eller Lillestrøm som tek gullet i Tippeligaen, det er Molde-trenar Arild Stavrum sikker på.
Han har altså lita tru på dei tidlegare lagkameratane i MFK, Kjetil Rekdal og Magne Hoseth.
Fleire spådommar
Stavrum spår at Vålerenga kjem godt opp på øvre halvdel av tabellen, med 8-9 lag bak seg.
Den største overraskinga i den kommande sesongen trur han blir Start - og den overraskinga blir negativ: Start kjem til å rykkje nedover på tabellen.
Moldes mål
Molde har kjempa mot nedrykk dei tre siste sesongane, og har i år hatt problem i treningskampane. Seinast sist helg tapte MFK for Brann på heimebane i generalprøva.
- Enno har ikkje MFK sett seg noko bestemt mål for sesongen, men det er klart at laget må bli betre, seier Stavrum. - Det kan vere tilfeldig om ein blir nummer 6 eller 8, men ein må vere så god at ein ikkje hamnar i botnstriden sjølv om ein har uflaks!