| |
Molde tapte generalprøva | To mål på Daniel Berg Hestad mot Brann |
Molde tapte 3-2 på Molde stadion i generalprøva i fotball søndag kveld. Brann, som også har hatt ein rufsete forsesong, fekk dermed ein liten opptur før seriestarten. Publisert 03.04.2006 06:52. Molde derimot har framleis mykje å rette på til kampen mot Tromsø søndag 9.april. Allereie i dag reiser MFK til Nederland for å¨få grastrening. Det finst ikkje grasbaner som kan brukast her heime, og Molde stadion må få kvile fram til komande helg, seier trenar Arild Stavrum til NRK Møre og Romsdal.
Utan Friend Molde stilte utan Rob Friend mot Brann i går. Spissen sonar ein treningskamp og serieopninga. Dermed må Molde finne andre løysingar på topp. I går var det forsvarsspelar Toni Kallio som vikarierte som spissvikar. Kallio gjorde forarbeid til begge scoringane til Daniel Berg Hestad i går. Frå start av spelte Sandro Grande på den andre spissplassen, men han vart bytta ut undervegs.
Dansk spissFredag kveld vart den danske spissen Denni Conteh klar for Molde. Dansken har mellom anna spelt for Strasbourg og Odense. Han er ei korttidsløysing for to månader. Molde måtte ha ein ny spiss i A-stallen, men fekk aldri dei spelarane som stod øvst på ønskelista. Trenar Arild Stavrum vedgår at han gamblar med å hente inn Denni Conteh, men har likevel god tru på at han skal slå til.
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|