Avtalen mellom Molde og Heerenveen går ut på at spissen Rob Friend går til den nederlandske klubben frå 23. juli.
Det var Friend sjølv som ønskte ein overgang, og MFK godtok dette då klubben fekk ein avtale som kunne aksepterast.
Ingen vil førebels opplyse om overgangssummen, men det er snakk om eit tosifra millionbeløp. Det kanskje snakk om ein større sum enn då Ole Gunnar Solskjær gjekk til Manchester United i 1996. Avtalen er den største MFK har gjort, dersom ein ser bort frå ”interne” sal til Wimbledon i sin tid, heiter det i ei pressemelding frå klubben.
Også andre europeiske lag har vore ute etter Rob Friend.
MFK prøver no å sikre seg ein erstattar gjennom ein kortsiktig leigeavtale før overgangsvindauget stengjer ved midnatt.