| |
Jamt mellom Hødd og MoldeBåde Hødd og Molde stilte med toppa lag i treningskampen på kunstgrasbana på Høddvoll onsdag ettermiddag. Begge måla i 1-1 kampen kom i 2.omgang. Publisert 15.03.2006 19:26. Før pause var det stort sett snakk om halvsjansar til begge lag, medan Bjørn Totland hadde den beste sjansen for heimelaget då han etter eit glitrande forarbeid fyrte av slik at Knut Dørum Lillebakk måtte ta ut sitt aller beste.
Molde hadde 2-3 halvsjansar før pause, men ingen store sjansar. I 2.omgang burde Finn Erik Stavseng ha gitt Hødd 1-0 då han kom åleine med MFK-keeper Lars Ivar Moldskred. Men Moldskred redda glitrande.
Stavseng gjorde det godt igjen då han like etter sette eit frispark direkte i mål. Frå 20 meter smelte han ballen rundt Molde-muren og i mål. Madio Konate utlikna for Molde på ei heading frå kort hald ikkje lenge etter.
Kampen livna til etter den første scoringa. Stian Ohr og Eirik Hoseth fekk begge gult kort etter ein episode som enda med at Ohr dytta Hoseth i bakken. Her burde truleg Ohr ha blitt utvist. Like før slutt var det ein ny episode der Hødds nye spiss Hoseth var involvert. Det enda med at Molde-esset Rob Friend fekk direkte raudt kort.
På Molde mangla Petter Rudi og Marcus Andreasson, medan Hødd mangla Erik Sandal. Eit par hundre tilskodarar såg kampen i solskinet på Høddvoll.
Siste saker:
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|