| |
Molde utset trenarspørsmåletTrenarspørsmålet i Molde blir utsett i ein månad på grunn av kvalifiseringskampane. Publisert 31.10.2005 07:53. Den siste kampen mot Moss kan kome til å gå så seint som helga 26.-27. november.
Dette skaper problem for Molde med tanke på trenarspørsmålet for neste sesong, seier påtroppande direktør, Tarje Nordstrand Jacobsen.
Molde er ikkje åleine om å jakte på trenar til neste år. Andre klubbar har avklart statusen for 2006 og Molde kan dermed miste sine kandidatar til andre fordi dei må vente i fleire veker før dei veit om det vert Tippeliga eller 1.divisjon.
I verste fall går altså ikkje den siste kampen før helga 26-27.november.
Først då veit Molde om dei spelar i Tippeligaen også i 2006. Alle planar til klubben går på framleis spel i vår øvste serie, men Jacobsen legg ikkje skjul på at konsekvensane ved eit nedrykk er svært store.
Siste saker:
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|