Av Arne Flatin
I ein jamspelt kamp var det heilt greit at Molde gjekk sigrande ut av oppgjeret. Begge lag hadde sine målsjansar, men totalt sett var det ein sjansefattig kamp.
Odd først
Odd scora først då Olivier Occean utnytta ei misforståing i Molde-forsvaret. Stian Ohr vart dagens mann i Molde og utlikna ikkje lenge etter på eit fint angrep. Eit innlegg frå venstre blei heada inn i feltet. Der greidde Ohr, nærast med ryggen mot mål, å plassere ballen til venstre for Odd-keeper Rune Jarstein.
Tam 2.omgang
Det var ikkje det heilt store over kampen etter pause heller, men Stian Ohr blei kampvinnar då han fann eit hol i Odd-forsvaret og sette ballen velplassert i nota innanfor 16-meteren. Molde hadde rimeleg god kontroll mot slutten av kampen og håper no på heimekamp også i semifinalen.
Ohr best
Det er vanskeleg å kome utanom Stian Ohr når Molde sin beste spelar skal utpeikast. Keeper Knut Lillebakk fekk sjansen etter at trenar Bosse Johansson vraka Lars Ivar Moldskred. Lillebakk gjorde ein grei kamp, men utan å imponere. Moldskred måtte slite benken etter den uheldige kampen han hadde i Tromsø sist seriekamp der han må ta skulda for 2-1- målet til Tromsø.
Spelarbørs MFK
NRK sin spelarbørs for MFK-laget blir dermed slik:
- Knut Lillebakk 5
- Trond Strande 6
- Marcus Andreasson 6
- Matej Mavric 6
- Toni Kallio 7
- Daniel Berg Hestad 6
- Petter Rudi 5
- Magnus Kihlberg 5
- Rob Friend 5
- Stian Ohr 7
- Thomas Mork 4
BØRS:
1:Elendig, 2:Ute av form, 3:Dårleg, 4:Under pari, 5:Middels, 6:God, 7:Svært god, 8:Landslagsklasse, 9:Strålande, 10:Verdsklasse.
Fotball-NM menn kvartfinale:
Molde Odd Grenland 2-1 (1-1)
Molde stadion
3052 tilskuere
Mål: 0-1 Olivier Occean (18), 1-1 Stian Ohr (30), 2-1 Ohr (68).
Dommar: Brage Sandmoen, Kjelsås.
Gult kort: Magnus Kihlberg, Molde.
Laga:
Molde (4-3-3): Knut Dørum Lillebakk,Trond Strande, Marcus
Andreasson, Matej Mavric, Toni Kallio, Petter Rudi (John A.
Husøy fra 76.), Magnus Kihlberg, Daniel Berg Hestad Stian Ohr, Rob Friend, Thomas Mork (Tommy Eide Møster fra 68.).
Odd Grenland (4-3-1-2): Rune A. Jarstein Espen Ruud, Morten Fevang, Torjus Hansen, Jan Frode Nornes Jan Tore Amundsen (Trond Viggo Toresen fra 81.), Tommy Svindal Larsen, Espen Hoff (Christian Flindt Bjerg fra 80.) Fernando de Ornelas Olivier Occean, Patrick Suffo.