| |
Nettmøte med Knut Dørum Lillebakk; | Knut Dørum Lillebakk svarte på spørsmål frå NRK sine lokale i Molde. (Foto: Ivar Eidheim) |
– Trur på tre poeng mot Tromsø! Publisert 02.05.2005 12:30. Oppdatert 04.05.2005 13:17.
Mange var opptatt av om Molde klarer å snu den negative trenden etter fire kampar med null poeng, botnplass i Tippeligaen og stortap mot Lyn sist helg. Allereie torsdag skal Molde i elden igjen - heime mot Tromsø.
Høg moralKnut Dørum Lillebakk svarte at moralen er høg i Molde, og han trur dei tre første poenga i Tippeligaen kjem mot Tromsø.
-Med tøffare duellspel og betre jobbing saman så er eg sikker på at vi slår Tromsø, svarte Dørum Lillebakk under nettmøtet i dag.
KeeperduellenFleire var og opptatt av keeperduellen mellom Dørum Lillebakk og Lars Ivar Moldskred. Moldskred har ikkje lagt skjul på at han mislikar å ha blitt satt på benken etter dei to første kampane.
Knut Dørum Lillebakk svarte at han er glad for at han no er blitt første-keeper, men at duellen med Moldskred ikkje har ført til noko uvenskap mellom dei to.
- Vi har eit veldig godt forhold både på og utanfor banen, svarte Dørum Lillebakk.
LENKER
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|