NRK Møre og Romsdal kjem i år for første gong til å ha spelarbørs på heimekampane til Aalesunds FK og Molde FK.
NRK Møre og Romsdal aukar satsinga på nettsida si nrk.no/mr, og kjem til å ha referat frå kampane like etter at dei er slutt.
NRK gjer også intervju etter kampane som du kan finne på våre nettsider.
Spelarbørsen
Spelarbørsen som NRK Møre og Romsdal innfører har desse graderingane:
1:Elendig, 2:Ute av form, 3:Dårleg, 4:Under pari, 5:Middels, 6:God, 7:Svært god, 8:Landslagsklasse, 9:Strålande, 10:Verdsklasse.
Det er NRK-reporterane som fastset karakteren etter kamp i samråd med kvarandre. Rune Hustad og Arne Flatin dekker Molde og AaFK sine kampar for radio, Øyvind Johan Heggstad dekker Molde fast for fjernsyn og Pål Bakke er fast mann for fjernsynet på Color Line stadion i Ålesund.
|
Desse fire skal dekke MFK og AaFK for NRK i år og setje karakter på spelarane. Frå venstre Øyvind J. Heggstad, Pål Bakke, Arne Flatin og Rune Hustad. |