| |
Usikre på val av keeperVerken Molde Fotballklubb eller Aalesunds Fotballklubb har bestemt seg for kven som er førstekeeper når tippeligasesongen startar i april. Publisert 23.02.2005 08:03. Hos AaFK er ungguten Andreas Lie, Adin Brown og Kim Deinoff dei tre keeperane som Ivar Morten Normark har å velje mellom. Mange vil nok meine at Adin Brown kjem til å bli førstekeeper, i og med at han er kjøpt inn frå USA. Men det vil ikkje Ivar Morten Normark vere med på heilt utan vidare. Han seier han til ei kvar tid vel den keeperen som er best.
Hos tippeligakollega Molde står valet mellom Knut Dørum Lillebakk og Lars Ivar Moldskred. Moldetrenarane kjem til å bestemme seg for kven som er førstekeeper under lagets komande treningsopphald på La Manga. Dei ønskjer nemleg å vere klare på kven som er førstekeeper.
Siste saker:
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|