SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
I går kom Molde med eit nytt og betre tilbod for å få leige Nevstad ut sesongen.
Men styreleiar i Hødd Nordvest, Tore Roppen, seier det ikkje kom på tale å la Nevstad gå no.
Årsaka er skadesituasjonen i Ulsteinvik-klubben.
Nevstad sjølv er inneforstått med at det ikkje blir noko av draumen om tippeligaspel i år, sier Roppen.
Men to nye til MFK
Torgeir Ruud Ramsli er tilbake i Molde fotballklubb, førebels for eit år.
Den tidlegare U-21 landslagsspelaren fekk lite speletid sist han var i MFK, og blei leigt ut både til Ham/Kam og Træff.
Forsvararen har den siste tida spelt for moderklubben Sunndal i 3.divisjon.
Også slovenaren Mitja Brulc er klar for Molde Fotballklubb.
Midtbanespelaren har signert ein to og ein halvårskontrakt med MFK.
Brulc har dei siste tre sesongane spelt for CMK Publikum i heimlandet, men no går han gratis til Molde.