|
Molde stadig i angrep anført av Petter Rudi.
Foto: Gunnar Sandvik |
Molde-spelar Petter Rudi viste spel i landslagsklasse i serieopninga i går.
Molde slo Lyn 2-0, og Rudi scora det eine målet.
Landslagssjef Åge Hareide bør nok ta fleire turar til Molde stadion for å sjå den gamle landslagsstjerna. For det var ikkje Magne Hoseth som dominerte i går.
Strålande Rudi
Hoseth var god, men Rudi var strålande.Både lagkameratar og motspelarar meiner han bør vere med i den neste landslagstroppen til Åge Hareide.
Rudi har sjølsagt ikkje noko i mot eit come-back på landslaget, og seier han har lyst til å spele på så høgt nivå som mogleg.