Hødd stilte med sitt sterkaste lag, men likevel med fire spelarar på skadelista. Mads Andre Værnes, Magnus Myklebust, Glenn Hartmann og Lars Roar Holstad var uaktuelle.
Likevel var spelarar som Televik, Sylte og Haugland på plass. Og Andre Skotheim kom inn i 2.omgang. Dette er spelarar som har vore plaga med skadar i sesongoppkøyringa.
Mot Molde sitt 2.divisjonslag var det Hødd som tok kommandoen. Ei litt billeg straffe gav blåtrøyene 1-0 etter berre 10 minutt. Geir Televik sette straffesparket sikkert forbi Molde-keeper Knut Dørum Lillebakk. Dette vart også pauseresultatet.
Halkjelsvik scora igjen
|
Øyvind Halkjelsvik
Foto:Arne Flatin |
Øyvind Halkjelsvik noterte seg for sitt tredje mål i treningskampane i år, då midtstopparen kontant heada inn 2-0 eit kvarter ut i 2.omgang. Hødd såg ut til å ha full kontroll, men rakna det siste kvarteret. Veteranane Televik og Sylte forlet bana, og Molde sitt unge lag fekk først redusering ved 16 år gamle Peter Berg Hestad. Ti minutt før slutt utlikna 18-åringen Torgeir Hoås. Molde hadde mellom scoringane også eit treff i tverrliggaren.
Hødd burde ha vunne
Likevel var det Hødd som hadde klart flest målsjansar, og burde ha leia langt meir enn 2-0 før Molde kom inn att i kampen. På Hødd var keeper Lars Ivar Moldskred god. Han tok det meste i lufta, og var sjanselaus på scoringane.
Molde har mange spennande talent på gang, og nokre av dei kjem trenar Reidar Vågnes kanskje til å sleppe innpå A-laget allereie i løpet av denne sesongen ? Dei einaste i A-stallen som spelte onsdagens kamp var Erlend Ormbostad, keeper Lillebakk, Stig Arild Råket på venstreback og Kai Røberg.
Kampen vart spelt på hovudbana til Hødd og rundt 200 tilskodarar fulgte med i solskinet.