Hødd var klart best før pause, og scora først ved Geir Televik. Det var veteranen sitt sjette mål i treningskampane i år. Han utnytta ein miss av Marcus Andreasson i MFK-forsvaret, og scora sikkert åleine med Eddie Gustafsson.
Molde heldig
Etter pause kom Molde meir med, men var heldige med scoringane. Først utlikna dei då ballen gjekk via Hødd-back Cato Eiksund Rogne og i mål. 2-1 målet var av den billege sorten. Straffesparket var meir enn tvilsamt, men Magne Hoseth sende Hødd-keeper Lars Ivar Moldskred i feil hjørne. Dermed har Molde spelt sju treningskampar på rad utan tap.
Giske med til La Manga
Hødd-trenar Harald Aasland Riise var godt fornøgd med det spelemessige. Han stadfestar også at tidlegare Hødd-spelar, Kenneth Giske, kan vere klar til sommaren. Giske vert med til La Manga i neste veke. Der skal Hødd spelte mot Mandalskam. og Strømsgodset.